Telefon: 911 54 140     Mail: post@loflo.no
Easee
Pris ferdig installert: Kr 12.985,-

Vi har alltid fokus på å optimalisere konstruksjonen og verdien i alle produkt vi utviklar, slik at du får best mogleg oppleving, utan at det går utover pris, kvalitet og funksjonalitet.

Produkta våre skal bli ein del av fremtida sitt straumnett, eit straumnett som fordelar straumen meir effektivt og som utnyttar den eksisterande kapasiteten på best mogleg måte.

Slik sparar vi samfunnet og miljøet for unødvendig bruk av ressursar og bidreg til ein grønare morgondag.

Liten. Smart. Full av kraft.

22 kW - Full av kraft
Ladeboksen kan lade på både 1- og 3-fase og støttar lading opp til 22 kW. Den har ein Type 2 standard ladekontakt. Med mulegheit for å koble opptil fleire i serie, start med 1 og utvid ved behov.

101/3 - Unik lastbalansering
Med Easee Home kan du lastbalansere opptil 3stk laderobotar per kurs utan behov for ekstra infrastruktur (trådlaus). Easee Charge gjer det muleg med lastbalansering av opptil 101 stk. laderobotar per kurs, både online og offline.

69% - Liten
Laderoboten er 69% mindre og lettare enn andre elbilladarar, med liknande funksjonalitet. Vekta på roboten er berre  1,5kg! Det betyr at vi sparar miljøet for minst 4 kilo kopar og plast per produserte ladar.

Produsert i Norge – for norske verforhold
Vi utviklar og produserar produkta våre i Norge. På denne måten skreddersyr vi produkt for norske heimar og bilførarar. Samtidig støttar vi det norske næringslivet og sparar klimaet for betydelege klimautslepp ved transport.

Ladeboksen trivst like godt på utsida av eit hus som på innsida av ein garasje. Komponentane er av høg kvalitet og er sett samman på en heilt spesiell måte. Den er IP56 sertifisert og er designa for å tole norsk klima.

Vi ønskjer at du som kunde skal ha tillit til at du har kjøpt varig kvalitet. Eit produkt fra Easee vert levert med 5 års garanti.

Tryggheit i heimen
Vi har lagt til 3 ekstra nivå av sikkerheit, slik at vi kan sove godt om natta, vel vitande om at du og kan gjere det. Sikkerheit er ein viktig del av designet.

Med ein Easee Laderobot kan du vere trygg på at lading skjer på ein sikker måte. Laderoboten er utvikla etter dei siste standarder. I tillegg er det innebygd elektronisk jordfeilvern som sikrar deteksjon av likestraumsfeil og jordfeil.

Laderoboten er og utstyrt med temperatur-sensorar som hindrar varmgang. Du treng heller ikkje bekymre deg for kjeltringar, ladekabelen kan låsast permanent i boksen via app eller det lokale wifi-interfacet.

Les mer her: www.easee.no