Telefon: 911 54 140 Mail:
post@loflo.no
Show navigation
Hide navigation
Heim
Om oss
Interiør og belysning
Tenester
Installasjon av driftsbygningar
Elbil-ladar
Elektrotenester
Elektrisk kontroll
Hytteinstallasjon
Oppvarming og varme i gulv
Plusskunde
Service og vedlikehold
Serviceavtale brann
Smarthus
Termografering
Kontakt oss
Elektrisk kontroll
Visste du at 50-70% av brannane i norsk landbruk skuldast feil på elektriske anlegg og utstyr?
Frå 1.1.2016 til dagens dato er over 50% av alle registrerte bygningbrannar forårsaka av elektrisitet. Vel 35% av brannane starta på komfyren, medan i underkant av 20% er forårsaka av feil på elektrisk utstyr.
Det farlegaste med straum er ikkje straumprisane, men skadane den kan gjere på liv og eigedom! Det er store gevinstar å hente på å gjennomføre ein el-kontroll med termografering og deretter rette opp feil og manglar.
• Du reduserar risikoen for brann eller driftsstopp.
• Du oppfyller HMS-forskrifta sine krav til dokumentasjon av el-sikkerheita.
• Du får opp til 35 % rabatt i brannforsikringspremie per år for alle kontrollerte bygg dersom kontrollen vert utført av ein sertifisert kontrollør og inkluderer termografering (NEK 405-1 og NEK 405-3).
Det er juridisk eigar som har ansvar for at det elektriske anlegget er i forskriftsmessig stand og i orden. Alle bygg på garden skal kontrollerast kvart tredje år.
Ein kontroll frå LøFlo Installasjon AS består blant anna av:
• Grundig elkontroll landbruk
• Termografering av sikringsskap
• Termografering av vifte, motorar og utsette kontaktpunkt
• Elektronisk rapportering i
https://www.fgkontroll.no/
• Førebyggjande tiltak for å hindre ein brann i din el-installasjon
• Råd og tips om fare med bruk av el-installasjonen
• Forbetringspunkter for din el-installasjon
Ein el-kontroll skal utførast av sertifiserte kontrollørar:
https://www.fgkontroll.no/profile/50596
Dette betyr at kontrolløren tilfredsstiller kompetansekravet i sertifiseringsnormen, og er sertifisert etter normen. I vår bedrift er det Frode Espe som utfører desse kontrollane.
Etter at el-kontrollen er gjennomført vil du motta ein rapport som opplyser om eventuelle feil og manglar som må utbetrast. Når feil og manglar er stadfesta utbetra, vil du få rabatt i forsikringsprisen.
Sertifikat elektrisk kontroll
Sertifikat termografi