Telefon: 911 54 140     Mail: post@loflo.no
Plusskunde
Plusskunde hjå ditt lokale E-verk

Korleis får eg solceller på taket mitt og vert plusskunde?

Ta kontakt med LøFlo Installasjon AS som er leverandør av solcelleanlegg. 

Finn ut kor stort areal du har tilgjengeleg. Solvendte takflater eller fasadar er det beste, men andre areal på eigedommen kan også nyttast. Vi bereknar kor stort anlegg du kan byggje og kor stor strømproduksjon du kan forvente.

Eit solcelleanlegg består av solcellepanela og ein inverter som omformar likestrøm frå panela til vekselstraum som kan brukast i huset ditt. Effekten på solcellepanela vert oppgitt i Wp (watt peak) og seier kor stor effekt solcellepanelet vil yte ved ideelle forhold. Solcellepaneler kan yte cirka 200 Wp per kvadratmeter.

Solenergi til alle typer tak

Det finnast mange ulike løysingar som gjer at solceller kan fungere godt på taket ditt, anten det er heilt nytt eller har stått i fleire år. 

Verdt å vite om montering:
•      Panelene kan integrerast eller monterast over taket.
•      Taket treng ikke å være nytt for å kunne ha solceller.
•      Du kan gjerne få solceller nå, og skifte resten av taket senere

ENOVA har eigen støtteordning ved bygging av solcelleanlegg. Det kan også vere andre støtteordningar, for eksempel frå kommunen eller fylkeskommunen.

Slik virker ordninga i praksis

Ein plusskunde er ein kunde som på ulike tider av året produsera meir straum enn kunden sjølv forbrukar. Overskotsstraumen vert selt tilbake til kraftleverandør. Når ein produserer mindre straum enn det ein brukar, kjøper ein det som trengs frå sin straumleverandør og betalar nettleige for transporten.

I periodar der man produsera meir straum enn til eige forbruk, mates overskotsproduksjonen inn i distribusjonsnettet. Du som plusskunde må sjølv inngå ein avtale med ein strømleverandør om kjøp av denne overskotsproduksjonen. I tillegg vil plusskundar bli godgjort for overskotsproduksjonens bidrag til reduserte nett-tap.