Telefon: 911 54 140     Mail: post@loflo.no
Installasjon av driftsbygningar
Lang erfaring og spisskompetanse innan landbruk

Ein stor del av kundegrunnlaget til LøFlo Installasjon AS er landbrukskundar, gjennom lang erfaring og aktiv satsing på landbruksinstallasjonar har vi opparbeida oss særs god kompetanse på installasjon av landbruksbygg og moderne robotfjøsar. Vi har levert komplette el-installasjonar til mange av dei større landbruksbygga som er blitt realisert i vårt geografiske nedslagsfelt.

Vi kan tilby både prosjektering og utføring av elektroinstallasjonar for ditt landbruk, i tillegg til service og vedlikehald på eksisterande anlegg. Vi vil sjølvsagt stille med dokumentasjon på det arbeidet som har blitt utført, enten det er nye installasjoner, vedlikehold eller oppgradering av eksisterande anlegg.

Den teknologiske utviklinga skjer raskt. Dei fleste landbruk i dag er automatiserte og har same behov for gode elektroløysingar som industrien. Automatisert landbruk har eit aukande behov for kompetente og pålitelige elektrikarar som har brei erfaring med denne typen anlegg og elektroinstallasjonar.

Av erfaring veit vi at å drive landbruk er ein omfattande og tidkrevjande jobb. Derfor tilbyr vi også vakttenester for service- og vedlikehaldsarbeid utanfor ordinær arbeidstid. Dette er ein teneste som våre faste kundar er særs godt nøgd med.

Kontakt oss
Har du et prospekt/prosjekt? Ta kontakt med oss, så fiksar vi resten.